Kjære lokalavis
Kjære Fjordingen, eg prøvar å gjere noko fornuftig i dag, difor er det veldig leit at de ikkje kan ta omsyn til det. Når de slepper biletet av forslaget til nytt kommunevåpen for Volda og Hornindal, på ein fredag i føreksamenstid, da gjer de ein slett jobb for meg og nærmiljøet.
Eg får ikkje lese artikkelen på nettet og blir
dermed sitjande her i armoda, med meg sjølv og mitt tankespinn. Så
øydeleggjande (sikkert for mange andre også). For vi får ikkje med oss den naudsynte
forklaringa. Det er ikkje til å unngå, hjernen søkjer å forstå inntrykka den
får, den vil setje saman elementa og den vil skape meining. Og den spinn rundt, og det blir rusa der oppe og det ryk or øyra mine og det er såpass at
naseblodet skvett.
Så hardt jobbar den for å forstå alle symbolikken som er putta inn i eit skarve våpenskjold i 2017. Og eg er ikkje spesielt politisk oppdatert, men eg veit der har vore diskusjonar kring denne kommunesamanslåinga, og det vil vel vere å overdrive om ein seier at fleirtalet vann fram, eller, kva veit eg.
Til røtene..
Volda
«Administrasjonen
si tilråding til formannskapet var at ein skulle velje pennesplitten (eller
”Det opplyste bondevelde” som framlegget vart kalla), men då på grøn bakgrunn.
Pennesplitten var i samsvar med tilrådinga frå nemnda som skulle vurdere dei
innkomne framlegga, men den sa imidlertid ikkje noko om farge.» (https://www.volda.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=18&AId=1405)
Lesinga vidare opplyser meg om at dei med
knapt fleirtal bestemte at botnen skulle vere blå.
Hornindal
«Hornindal
har tre ljåar i sølv på blå botn i kommunevåpenet sitt. Grunnen til dette
valet er at bygda i eldre tid hadde svært mange smedar og ein omfattande
ljåproduksjon som gjorde bygda kjend i vide krinsar.» (https://hornindal.kommune.no/om-hornindal/kommunevapenet/)
2017
|
|