Etter obligatorisk
smugrøyking i unge år, konvertering til vasspipe og frukttobakk tidleg i
tjueåra er og no heilt avvendt og fulltids-vassdampsjunkie. Eg veit kvar eg
står. Eg vil heller få tusenvis av syrere på døra, enn å måtte røykje ein
tjuepakning.
Grunna tilårskomen
kondenstørketrommel er eg redd eg har sendt ut heilt feil signal i dag.
Eg bur i eit
velstandsland, det betyr at ungane mine har så mykje klede at eg ikkje anar
kvar eg finn to like sokkar. Eg veit heller ikkje om vi har to like sokkar, men
vi har sokkar, i hopetal. Sjølvsagt lyt ein, i slik velstand, ha hjelp med klestørken,
så vi har kosta på oss eit slikt elektrisk maskineri. (Om det ikkje forureinar
vel mykje? Ikkje noko å snakke om, vi er så få her til lands, som å pisse i
havet har eg høyrt).
Det berre måtte bli
slik, ellers måtte vi ha hengt opp klede, morgon og kveld, kvar dag, heile
veka. Det gjekk ikkje lenger utan. Vi måtte prioritere å leve litt og, det var
harde kår utan tørketrommel frå Miele.
No er den altså
begynt å bli gamal og full av rusk og rask frå x antal programgjennomkøyringar.
Her om dagen rauk det da eg opna døra og tok ut ei samling av familien sine,
meir eller mindre musetne, underbukser. Dessverre dekkjer ikkje
innbuforsikringa vår røykskadde underbukser. Miele kan ikkje saksøkjast, det
stod visst eit eller anna med lita skrift, om vedlikehald og rutinemessig
reinhald av kvitevara.
Kven har vel tida til
slikt?
I dag har eg difor undervist
elevane mine i røykskadde underbukser, sendt ut signal om at det er kult å
røykje i nettoen. Det er berre så feil. Ikkje berre står ryktet mitt på spel,
men eg må erstatte 20 truser med pengar frå eiga lomme.
Eg er så glad eg bur i Noreg, her eg kan få
dei nestenbillig på H&M. Slik at det ikkje treng å gå utover matbudsjett,
kosekle-budsjettet, designbrille-budsjettet, ski-budsjettet, frisørbudsjettet,
bittskinne-budsjettet, godteribudsjettet, feriebudsjettet, pensjonssparinga og
hyttesparinga, fotolinsebudsjettet, dieselbudsjettet og fotballskobudsjettet. Og heldigvis så har eg
betalt min skatt, slik at eg kan hente insulin på apoteket utan å dra eit
einaste kort......